Herøyspelet 2018

Oppdatert: 8. okt. 2019

Tilbakeblikk på et fantastisk artig oppdrag fra 2018, der eg blei spurt om å fotografere HERØYSPELET . Noko eg takka gladelig ja til, og nå er snart årets show og klart for framsyning. Håper Stiftinga Herøyspelet får eit like flott år i år, som det var i fjor :)



Vi er på den vesle øya Herøy ein sommardag i 1027. Ragnar Herøyhovding og kona hans Inga har valgt ut Ingolv Ynda som festarmann til dottera deira, Unn (den fagre). Ho er i rett alder for giftarmål, men forsvann ei vårnatt frå øya. Truleg er ho bortførd av rebellen Møre Karl, også kalla «Karl Mørske», og gjengen hans Herjungane. Desse rebellane er ungdommar frå Herøy som er mest opptekne av å reise rundt i distriktet og herje.

Ut på hausten same året kjem Møre Karl, Unn og Herjungane attende til Herøy for å herje. Gleda over å sjå att Unn vert kortvarig grunna herjingane. Samstundes vil festarmannen også gjere krav på festarmøya si. Unn vert usikker på kven ho vil velje av friarane, men Møre Karl vil uansett ein gong for alle vise kven som skal ha Unn, og det kjem til holmgang mellom beilarane. Grunna herjingane og etter foreldra si meining – val av «feil mann», vert det også splid mellom Unn og foreldra, då særleg med mora – den sterke og stolte Inga.

Midt i dette dramaet kjem sjølvaste kong Olav Haraldsson «Heilag Olav» med sine skip og hærmenn til øya. Han klarer å stoppe holmgangen, og lyser deretter til ting i Herøy. I lengre tid har det vore konflikt mellom kongen og hans verste uvenn på Møre – Møre Karl. Kan endeleg kongen no få satt ein stoppar for herjingane hans, og samstundes få Herøyfolket til å tru på Kristus?

Midt opp i alle utfordringane på Herøy og bråket mellom kongen og Møre Karl, kjem det fram at kongen også har problem med å drive inn skatten på Færøyane. Dette får vi vite då det dukkar opp nokre merkelege sendebod. Ein ring, kongens ring, spelar her ei viktig rolle. Kva slags makt ligg det i denne ringen?, og har sendeboda skumle baktankar?

Etter mykje om og mén vert Møre Karl utnemd som kongen sitt nye sendebod til Færøyane. Etter kongen si meining er dette ei høveleg straff for alt Møre Karl har stelt i stand.

Karl vil ha med seg Unn på reisa, men blir ho med?Vil Møre Karl kome attende frå Færøyane?Kven vil Unn velje?Korleis går det med forholdet mor og dotter?

Einaste måten å få vite dette på, er å møte opp i Herøy Amfi – alltid den første helga i juli.




"UNN DEN FAGRE"

"INGA", "RAGNAR HERØYHOVDING" OG "UNN DEN FAGRE"

”BISP GRIMKJELL”



Flere bilder kan en sjå her


39 visninger
  • Facebook
  • Pinterest
  • Instagram
  • Linkedin - Grå Circle

© 2019 by Knut Petter´s foto AS